Noko må gjerastLeserinnlegg

«Det du ikkje veit, har du ikkje vondt av»

For oss, fem skuleelevar mellom 11 og 15, er det ikkje noko tvil om kva som er viktigast, og kva som må prioriterast fyrst i samfunnet vårt. Klimaet vårt syng på siste verset, og ingen er lenger sikre på kor lenge moder jord klarer å holde ut med miljøgiftene våre. Og me er ikkje dei einaste ungdommane som ser ut til å meine dette.

AV
Publisert
Oppdatert:

Over heile planeten demonstrerer unge, håpefulle menneske mot ei mørk, dyster og plastikkfylt framtid som slike vaksne som deg har skapt for oss. For ja, me er ganske sikre på at du er ein av dei. Ein av dei «vaksne». Det er dykk vaksne, kunnskapsrike og ansvarsfulle skapningar som er grunnen til at tusenvis av elevar skulkar skulen for å få fram det einaste poenget sitt; NOKO MÅ GJERAST! Og det fort. 
Me meiner ikkje at de er den einaste grunnen til at me byrjar å bli ganske paniske i jakta på ei løysing, men ein stor del av problemet er de ansvarlege for. Og ikkje berre de, men foreldra dykk òg. Og foreldra deira igjen. Men skilnaden på vår generasjon og generasjonen for 100 år sidan, er at no veit me kva som held på å skje. Og me veit at me må gjere noko
For på våre oldeforeldres tid, for berre hundre år sidan, følgde nok mange ordtaket «det du ikkje veit, har du ikkje vondt av». Og der kjem me med poenget vårt med denne teksten. Og grunnen til at me i det heile tatt vel å bruke fritida vår på å skrive dette. 
For nokre dagar sidan fann me noko som rett og slett sjokkerte oss. Oppe i skogen, like bak huset vårt, fann me store mengder søppel. Under eit lite lag med jord og mose hadde nokon grave ned avfall for ei lang periode. På denne vesle staden, som ikkje kan ha vore meir enn 1x1,5 meter, fann me til saman 5 store kassar med søppel. Deriblant 28 heile glasflasker, ein kjele, ei tissepotte, fleire hermetikkboksar, eit teppe og masse anna øydelagd skrot. Denne staden brukte våre forfedre som søppelplass. Dei grov avfallet ned i jorda, og tenkte ikkje meir på det. Og me nektar å tru at dei var dei einaste. 
Poenget vårt er at i lang tid har me menneske valt å lukke auga og late som om me ikkje ser kva som skjer. Det kan me ikkje lenger. Ting forsvinn ikkje sjølv om vi grev det ned. Verken bokstaveleg eller biletleg talt. Så plukk opp den tomflaska. Sjølv om du veit ingen andre ville ha gjort det. Ikkje la bilen stå på tomgang. Sjølv om det er kaldt ute og det «berre skal skje ein gong». Ikkje køyr bil til skulen når du har mogelegheita til å ta trikken. Tenk deg om før du gjer noko! Og viktigast av alt: ikkje grav ned tissepotter bak huset.

Ingrid Nordstoga, Haakon Nordstoga, Olava Lie Verpe, Aurora Lie Verpe og Aasne Nordstoga

Klikk for å sjå kommentarar