Herman Hogstad Sveinsson tok bronse i UM-finalen i friidrett sundag.
Herman Hogstad Sveinsson tok bronse i UM-finalen i friidrett sundag.

Herman (15) tok bronse i ungdomsmeisterskap

Herman Hogstad Sveinsson frå Seljord IL vart nummer tre i gutar 15-finalen på 200 meter sundag under det uoffisielle noregsmeisterskapet i friidrett for ungdom på Jessheim.

Herman vann heatet på gode 24.28 sek (-2,8 motvind) på 200 meter under UM på Jessheim laurdag. Han kvalifiserte seg difor til finalen på sundag der han nådde målstreken som tredje beste, av åtte løparar, i klassa for gutar 15 år med tida 23.65. 

– Eg er svært fornøgd med dagens bronsemedalje. Eg fekk bane 3 i finalen. Eg grua meg litt til det, sidan bane 1, 2 og 3 har krappast sving, og det ikkje er ein fordel for meg som er så lang. Eg likar best bane 5 til 8. I løpet hamna eg nokre meter bak dei andre på dei fyrste hundre meterane, men merka eg hadde meir krefter etter svingen, og ga alt for å kome innpå dei andre, fortel Sveinsson som går i 10.-klasse ved ungdomsskulen i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

15-åringen markerte seg også med kjempegode løp på 100 meter under det uoffisielle norgesmesterskapet for ungdom på Jessheim fredag. Då sprang han på 11.76 og 11.65, som er nest beste resultat i år, i forsøksheata og blei klokka inn på 11.71 i finalen. Det gav ein 5. plass, likt med 4. plassen og måtte skiljast på 1000-delane. 

Det er førebels berre friidrettsløp 15-åringen tevlar i, men han fortel at han også likar å hoppe lengde. Han har hoppa 6,05 meter, men meiner sjølv han ikkje er teknisk god nok til å konkurrere i dette enno

Neste år har Sveinsson lyst til å starte på toppidrettsgymnaset i Skien, men fram til då vil han halde fram med å trene med far sin som trenar i Seljord og med Rune Wiborg i Skien.

– Friidrettsmiljøet i Seljord ikkje er stort. Det kan bli litt einsamt, men det stopper meg ikkje frå å trene, seier han. 

Sveinsson trur det er mykje positivt som skjer i friidretten i Seljord, og seier det er eit veldig fint anlegg å trene på på Eventyrøy. Det er friidrettstrening for barn og fleire og fleire som blir med på stemne rundt i Telemark. 

– Om vinteren er det verre å finne treningsarena ute i Seljord. Då må eg nok droppe banen sidan den vil fryse og all snøen fra fotballbanen blir brøyta ut på løpebanen, noko som er dumt. Eg må nok heller trene meir styrke, bakkeløp og liknande. Eg vil nok halde fram med å trene i Skien i vinter. Der trenar dei i ein sjukehuskulvert som er om lag 120 meter lang. Det er ein fordel for meg å få lov til å trene i Skien med ein erfaren trenar som heter Rune Wiborg. Eg er veldig glad og takksam for at eg får lov til å trene med han, seier Sveinsson.

15-åringen fortel at når det ikke er friidrett på fritida, likar han veldig godt å spele piano og andre instrument, bordtennis og svømme i svømmehallen i Seljord. 

Sundag var han på veg heim frå ei helg med konkurransar på Jessheim. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heile UM har vore ei stor oppleving med mykje erfaringar. Bare å kome til finalen på 100 og 200 meter var ein siger i seg sjølv for meg, seier Sveinsson.