Laga sin eigen arbeidsplass: Opna pizzabakeri på Brøløs

I september opna ein ny serveringsstad på Brøløs. Basel Mohammed Majid håpar vesttelane vil bruke pizzarestauranten som har ope kvar dag.

AV Tone Tveit
Publisert
Oppdatert:

I mars i år starta planane og arbeidet med å etablere ein pizzarestaurant i Seljord. Dalil Shawaf Alhasan (26) kom til Norge i oktober 2015, og har fem års erfaring som pizzabakar i heimlandet Syria. Etter at han flytte til Kviteseid har han også av og til arbeidd som ekstrahjelp som pizzabakar på Hvidesøe kafe i Kviteseid sidan 2017.

Alhasan driv den nye verksemda saman med Basel Mohammed Majid (25). Majid kom også til Norge i 2015, og busette seg i Vrådal.

– Eg har erfaring med servering, restaurant- og hotellarbeid frå heimlandet mitt Syria. Og har lært å bake pizza av Dalil. I november 2016 starta eg å arbeide på Straand hotell i Vrådal, noko eg framleis gjer, fortel Majid medan han gjer seg klar til å produsere ei pizzabestilling som vart ringt inn.

– Kvar tiande matbestilling kunden gjer er gratis, som eit klippekort, fortel Majid medan han svingar pizzadeigen lett i lufta.

Ulike variantar

Inne på kjøkkenet fortel Majid at serveringsstaden har tilbod om både pizza, burger og kebab.

– Og er det ynskje om kebabpizza ordnar me det, smiler han.

Lokala har dei sjølv pussa opp, og det som eigentleg var eitt lokale er delt til to. Den eine sida er pizzarestaurant med 16 sitjeplassar inne og høve til å sitje ute om sommaren. Den andre sida står hyllene klare til å bli fylt med varer til den planlagde Asia-matbutikken han også er delaktig i.

Støtta etableringa

Førre veke handsama formannskapet i Seljord søknaden om etablerarstønad frå pizzabakarane, og vedtok at dei skal få 30 000 kroner i støtte henta frå næringsfondet.

Dei folkevalde rosa dei to unge etablerarane som skaper sin eigen arbeidsplass.

tone.tveit@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar