«Omvendt julenisse» søkjer hjelparar i Øvre Telemark

Joleprosjektet «Omvendt julenisse» har sidan oppstart i 2012 vokse seg større og større for kvart år.

AV Cecilie Ausland
Publisert
Oppdatert:

Fleire barnefamiliar melder seg på for å få hjelp til jolemat og gåver til jol, også oppover i Øvre Telemark.

– Folk blir flinkare til å donere mat i handlekurvane som står ute i butikkane frå midten av november til midten av desember, skriv mannen bak prosjektet, Runar Abrahamsen, til VTB.

I den samband ønskjer dei å kome i kontakt med personar som vil vere ein del av organisasjonen. Oppgåvene blir å hjelpe til med å samle inn mat og gåver som kjem til matbutikkane dei har eit samarbeid med. Så og seie alle matbutikkene i heile Telemark er med på prosjektet.

– Mengda arbeidsoppgåver aukar for oss som driv med dette, og me ser at det er naudsynt å be om hjelp, skriv Abrahamsen.

Arbeidsmengda vil vere heilt opp til dei som ønskjer å hjelpe, som regel blir det ein gong i veka per butikk i byrjinga, og to gonger i veka når det nærmar seg jol.

– For dei som ønskjer å hjelpe, kontakt oss på facebooksiden vår «Omvendt julenisse». For dei som ønskjer å søkje om hjelp kan gå inn på nettsiden vår omvendtjulenisse.com, avsluttar Abrahamsen. 

Klikk for å sjå kommentarar