Svein Forberg Liane (V)
Svein Forberg Liane (V)

Venstre ute av kommunestyret i Seljord

Seljord Venstre fekk berre 1,6 prosent av stemmene i Seljord, og er ute av kommunestyret.– Dette var ikkje overraskande, seier Svein Forberg Liane, 2. kandidat for Seljord Venstre.

– Engasjementet har ikkje vore stort i gruppa, og me hadde ikkje stilt liste om ikkje fylkeslaget hadde skaffa oss ei som ville stå øvst på lista, seier Liane etter at valresultatet var klart. 

– Det var jo flott at nokon ville stille, men resultatet ber preg av det låge engasjementet. Me har ikkje profilert oss i valkampen i det heile.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornøgd med Sp 

Liane seier at litt av problemet har vore å ha ein klar profil. 

– MDG, Senterparitet og Høyre har hatt klare profilar, medan korkje Venstre eller Arbeidarpartiet har klart å markere seg, legg Liane som er fornøgd med at Senterpartiet har gått så mykje fram.

– Dei har ein annan politikk enn vår, men mellom personane har det vore eit godt samarbeid.