Stabbesteinane på Garvikstrondi er no erstatta med rekkverk

Frå 23. september blir fylkesveg 156 om Garvikstrondi hovudferdselsåra mellom Bø og Seljord.

AV Anne Sofie Tresland
Publisert


Vegutbetring på Rv 36

* To strekningar på riksveg 36 på Manheimstrondi i Seljord, ved Stodi og Bukti, skal utbetrast.

* Parsellane er på halvannan kilometer kvar.

* Svingane skal bli slakkare, og vegen skal bli 8,5 meter brei.

* Hovden hytteservice AS fekk kontrakten for 122 millionar kroner.

* Den 567 meter lange tunellen ved Heggeneset skal oppgraderast.

* 23. september blir riksvegen på Manheimstrondi stengt.

* Strekninga blir opna att 1. desember fram til 5. januar, men blir stengt fram til 31. april 2020.

 * Neste stengeperiode startar att hausten 2020. I løpet av vinterhalvåret skal vegen vera stengt i fem månadar.

*I tida vegen på Manheimstrondi er stengt blir fylkesveg 156 på Garvikstrondi omkøyringsveg for køyretøy som er stuttare enn 15 meter.

* Medan riksveg 36 er stengt må vogntog køyre om Notodden.

Klikk for å sjå kommentarar