Dagleg leiar i TUF slo kraftig tilbake før han fekk sparken:

«Politiske leiarar med maktmisbruk langt over grensa»

Det skapte enormt rabalder då dagleg leiar i Telemark utviklingsfond (TUF) uttala at fylkeskommunen burde seie opp avtala med dei åtte kraftkommunane. Like før han fekk sparken av TUF-styret, skulda han fleire i styret for å drive med maktmisbruk og utidig press.

AV Geir Ufs
Publisert


Dette er saka

Frå kraftverkeigarane har kraftkommunane rett på ti prosent av produsert straum til sjølvkost (kostnaden for å produsere straumen og transportere han). Kommunane får sjølv behalde gevinsten av salet av denne straummengda, såkalla konsesjonskraft. Om ikkje ein kraftkommune brukar heile ti-prosenten til forbruk i eigen kommune, går resten av konsesjonskrafta til fylkeskommunen.

Gevinsten frå salet av Telemark fylkeskommune sin del av konsesjonskrafta går inn i Telemark utviklingsfond (TUF), eigentleg eit fylkeskommunalt næringsapparat.

I 15 år, ut 2025, har Telemark fylkeskommune ei avtale med kraftkommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje, Hjartdal og Tinn om disponering av konsesjonskraft. I starten av august i år sa Terje Bakka, dagleg leiar i TUF, i eit intervju med Varden at fylkeskommunen bør seie opp avtala med tanke på at fylket skal få meir av gevinsten frå konsesjonskrafta. Det fekk fart på mellom anna fleire ordførarar i dei åtte kraftkommunane.

I VTB 16. august kalla Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal og medlem i TUF-styret, Bakka illojal, og at det er veldig betenkeleg at han som tilsett blandar seg inn i ei sak som er avgjort politisk.

Terje Riis-Johansen, som både er tidlegare fylkesordførar i Telemark, styreleiar og nå medlem i styret i TUF, meinte Bakka hadde gått ut over fullmaktene sine. Riis-Johansen sa at utspelet til Bakka kan setje kraftregimet i spel, og meinte at det er det siste ein treng.

Gunn Marit Helgesen, styremedlem i TUF, gjekk også imot utspelet til dagleg leiar. Eit anna styremedlem, Eva Markseth Lia, var svært forundra over utspelet til Bakka. Fylkesordførar og styreleiar i TUF, Sven Tore Løkslid, ville ikkje svare på spørsmål frå lokalavisa om korleis han såg på utspelet til Bakka.

– Personalsaker blir handtert internt – ikkje i avisene, sa Løkslid.

Han la til at konsesjonskraftavtala mellom dei åtte kraftkommunane og fylkeskommunen ligg fast ut 2025.

I VTB svara Bakka at som dagleg leiar har han rett og plikt til å seie meininga si.

I eit brev til fylkesordførar Sven Tore Løkslid, til styret i TUF og styret i konsesjonskraftstyret har ordførarane i kraftkommunane retta kraftig skyts mot den daglege leiaren i TUF. Etter dette brevet sette Bakka saka opp på fyrste styremøte i TUF, 27. august.

Klikk for å sjå kommentarar