ValvinnarNyheter

Fekk ekstraplass på soknerådslista – gjekk til topps

Etter at Åmotsdal sokn ikkje greidde å stille liste til soknerådsvalet, blei soknet slege saman med Flatdal og Seljord, som alt var formelt samanslegne. Turid Øverbø frå Åmotsdal gjekk frå ekstraplass på lista og heilt til topps.

AV Anne Sofie Tresland
Publisert


Fakta

* Alle over 15 år, eller som fyller 15 år dette året, og er medlem av Den norske kyrkja, kan røyste ved kyrkjevalet.

* Det er dåpen som gjev medlemskap i Den norske kyrkja.

* Når veljaren leverer ei liste får alle på lista ei stemme kvar. Veljaren kunne gje inntil tre kandidatar personstemme ved å setje merke ved namnet til kandidaten.

* Soknerådet har som hovudoppgåve å forme og utvikle kyrkjelyden. Rådet tek avgjerder på vegner av alle som høyrer til kyrkjelyden, innan omsorg og diakoni, gudstenester, kultur, undervisning og aktivitetstilbod for små og store.

* Bispedømerådet er det regionale styringsorganet i Den norske kyrkja, og har arbeidsgjevaransvaret for prestane. I Noreg er det i alt 11 bispedømeråd.

Kjelde: kirken.no

Klikk for å sjå kommentarar