Synne Seltveit frå Rauland har vore produsent på Fuglane. Her frå førpremieren på Vinjehuset i august saman med mor Berit Hansen Seltveit.
Synne Seltveit frå Rauland har vore produsent på Fuglane. Her frå førpremieren på Vinjehuset i august saman med mor Berit Hansen Seltveit.

Dugnadsprodusert Vesaas-film med premiere i New York

Fuglane av Tarjei Vesaas er for første gong filmatisert på norsk. Filmen er produsert på dugnad og tysdag hadde den internasjonal premiere i New York.

– Budsjettet er «tøm eigne lommer». Eg reknar ikkje med å sjå meir til dei pengane. Då vi starta, trudde vi at skodespelarane ville seie nei, sidan det ikkje var noko lønn involvert. Men alle var sånn «ja, så kult, dette vil eg vere med på». Det viser at folk har ei stor trong til å vere med på noko som ikkje er endå ein krimserie eller ei heltehistorie frå andre verdskrigen, seier regissør Anders T. Andersen til  Dagsavisen.

Andersen spelar sjølv hovudrolla i filmen. Med på laget er òg skodespelarane Andrine Sæther og Henrik Rafaelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag 29. oktober var det altså internasjonal premiere i New York. I Noreg får filmen festpremiere på Vega Scene i Oslo 5. november. Den blei òg vist for på Litteraturdagane i Vinje i august, der delar av filmen er spelt inn. Det totale budsjettet er på rundt 3.5 millionar kroner, og filmen er støtta av Vinje kommune og Telemark Fylkeskommune.

Les også: Synne Seltveit frå Rauland med premiere på «Fuglane» på Vinjehuset